Hopp til innhold
Logg inn
Hvor ønsker du å logge inn?

Start innhold

Les neste artikkel

Bidrar til Smart City-utvikling

Sparebanken Møre gir en million kroner for å gjere Ålesund og regionen til ein av verdas smartaste regionar.

Pengane skal støtte arbeidet med å skape ei digital utgåve av Ålesundregionen. Den digitale tvillingen  skal gjere det mogleg å sjå samanhengar når det til dømes blir planlagt endringar, og skal også hjelpe regionen med å måle kor berekraftig den er gjennom å legge inn FNs indikatorar for berekraftsmål.

Dermed er nye Ålesund og Sula og Giske eitt skritt nærare realiseringa av ein digital tvilling av Ålesund. Den digitale tvillingen skal etter planen skal presenterast for FN i april 2019.

Kommunane er den første regionen i Norge som er tatt opp i  FNs smartbynettverk. Ein smart by/kommune bruker digital teknologi og innovative metodar for å gjere kommunen betre for innbyggarane og kommunen meir produktiv.

Gjennom satsinga på Smart City-utvikling, er det inngått eit samarbeid med Offshore Simulator Center ved Campus Ålesund for utvikle eit simuleringsverktøy for berekraftig by- og regionsutvikling.

Verdifullt for regionen
Administrerande direktør i Sparebanken Møre, Trond Lars Nydal, trur piloten kan bidra til å sette Ålesundregionen på kartet som ein av de fremste i sin klasse, og at dette kan bidra til å styrke ein allereie innovativ og framoverlent region:
- Vi tente umiddelbart på prosjektet, og synest det er spennande å bidra til at Ålesund blir den første norske byen i Smart City-prosjektet som får visualisert ein digital tvilling. Vi har verdsleiande kunnskapsmiljø her, og ser med stor interesse på overføringsverdien frå teknologiane som i dag er nytta for maritim industri, til by- og samfunnsplanlegging. Prosjektet skal bidra til auka livskvalitet for innbyggarane og auka verdiskaping for lokalt næringsliv, det vil vi sjølvsagt vere med på.

Simuleringverktøy for smart by
Prosjektleiar for nye Ålesund, Astrid Eidsvik, er glad for at  Sparebanken Møre vil vere med på laget og ser kva som er mogleg å få til i regionen. Ho meiner det at FN-nettverket viser interesse for Ålesundregionen kan bli viktig for utviklinga: 

- For det første ønsker nye Ålesund, Giske og Sula å bidra inn i mot FNs berekraftmål. Den digitale tvillingen vil hjelpe oss til å sjå kor vi ligg an. Ved hjelp av FNs smarbynettverk kan vi legge inn dei indikatorane vi skal bli målte på, som til dømes økonomi, energi, transport, helse, skole og styresett.

- For det andre ønsker vi å forenkle og å fornye planprosessar. I ein simulator vil vi kunne vise komplekse data på ein lettforståeleg måte. Målet er å få betre og raskare avgjerder til det beste for innbyggarar og næringsliv fordi teknologien hjelper oss til å sjå samanhengar og trendar myke raskare enn før. Det verdsleiande simuleringsmiljøet i Ålesund har utvikla verktøy for offshoreindustrien gjennom mange år. No kan desse også blir  kraftige verktøy for andre bransjar, seier Eidsvik

Bente Glomset Vikagen, som er assisterande prosjektleiar i nye Ålesund kommune,  understrekar at utviklinga innanfor dette området skjer fort:

- Støtta frå Sparebanken Møre bidrar til å sikre at utviklinga av den digitale tvillingen kan starte umiddelbart. Dette kan vere avgjerande dersom Ålesund skal ta ein global posisjon innan by- og samfunnsplanlegging. Sparebanken Møre har nok ein gong vist seg som ein viktig aktør som bidrar til samfunnsutviklinga i vår region. Dette set vi stor pris på. 

Trond Lars Nydal i Sparebanken Møre seier dette bidraget er resultatet av ei langsiktig tenking.

- Sparebanken Møre har ein klar strategi om å legge til rette for aktivitet og møteplassar som bidrar til positiv utvikling av Nordvestlandet. Ein attraktiv region skapast i samhandling mellom innbyggarar og næringsliv. Dette arbeidet kan bidra til at regionen tar ein posisjon knytt til simulering og visualisering også langt utanfor maritim bransje.  

 

 

...