Møt Maria Parr og Tonje Glimmerdal i Vanylven!
Bli med på ein magisk dag i Tonje Glimmerdal sitt univers, med lesestund og samtale med forfattar Maria Parr, smakebitar frå Teatret Vårt si forestilling og aktivitetar for heile familien!
Når Tonje Glimmerdal legg ut på turné med Teatret Vårt, blir det eit heilt spesielt stopp i Vanylven. Her inviterer Sparebanken Møre og Teatret Vårt til ei oppleving der forteljinga om den modige og uredde Tonje får liv både gjennom ord og på scena.
Sjølvaste Maria Parr, forfattaren bak den populære boka, kjem for å ta oss med inn i Tonje si verd. Og så blir det teatermagi! Skodespelarar frå Teatret Vårt byr på smakebitar frå framsyninga Tonje Glimmerdal, og publikum får oppleve korleis den kjende og kjære forteljinga får nytt liv på scena.
Etterpå blir det høve til å møte Tonje og dei andre karakterane, ta bilde og bli med på kreative aktivitetar inspirert av Tonje si verd.
Ein dag fylt med forteljarglede, teatermagi og opplevingar for både små og store!
Det er bare å kontakte oss med det du lurer på. Under har du informasjonen du trenger for å kontakte oss på chat eller telefon. Avtal et møte med en rådgiver her.