Ein stad utafor kysten på Nordvestlandet ligg det eit uvanleg land. Havlandet heiter det, og det er uvanleg fordi det ligg heilt nede på havbotnen inne i ei stor, klar boble. Det er berre vi som bur her som veit akkurat kor Havlandet er – men eg kan røpe at det ligg austafor tang og vestafor tare. Om du er ute på havet ein fin solskinsdag og ser at sola blinkar ekstra mykje ein spesiell stad, så kan det hende det er skinet frå Havlandet du ser.

Inne i bobla bur eg saman med havfolket, nokre fiskar og sjødyr. Sjølv er eg ein litt uvanleg havhest. Venane mine seier eg er klok og fornuftig, men også tøysete og rar. Dei har nok rett i alt saman. Eg trur det er lurt å vere litt begge delar, eg. Det beste eg veit er å vere saman med barn – mange barn. Då blir eg alltid i godt humør og kosar meg skikkeleg. Vi som bur i Havlandet er veldig glade i kvarandre, og vi gjer vårt beste for at alle skal ha det bra. Alle er flinke til å hjelpe til, og viss nokon har det vondt prøver dei andre å trøyste. Vi havfolket føler oss nesten som ein stor familie. Du synes kanskje ikkje vi liknar på kvarandre, men det er jo det gode inne i oss som gjer at vi har det fint saman.

Men no må du helse på kongefamilien vår! Prins Sølve er bestevenen min. Han er så godhjarta at han blir både sint og lei seg når har ser at barn er ekle mot kvarandre. Ein gong blei han faktisk så sint at dei blå augene torna akkurat slik som himmelen ein ruskete uvêrsdag. Han blir også lei seg når han ser at folk sleng frå seg skrot og søppel. “Skjønar dei ikkje at vi må ta vare på naturen vår?”, seier han og ristar oppgitt på hovudet.

Prinsesse Maren er skøyerjenta vår. Ho har glitrande brune auge og er stadig på jakt etter nye og spennande opplevingar. Eg må nesten le når eg tenkjer på alt det rare ho finn på. Dronninga liker å pynte Maren med flotte kjolar og sløyfer i håret. Maren er alltid rein og fin når ho spring ut om morgonen, men ho kjem alltid heim med bustete hår og skitne, fillete kjolar. Dronning Perle smiler oppgitt, for Maren gløymer prinsessekrona på dei mest utrulege stader; inne i holer og oppe i tretoppar.

Kong Skjell er nok litt meir bestemt. ”Du må lære å ta vare på tinga dine, Maren”, seier han. Kongen liker ikkje at så mange berre går til butikken og kjøper nytt, for det kostar mange pengar. Kong Skjell er veldig opptatt av at barn lærer å spare. ”Ein dagkan det hende vi treng litt ekstra pengar”.

Dronning Perle er alltid blid og glad, og ho liker å ha orden på saker og ting. Ho vil ikkje at Sølve og Maren skal bruke pengane sine til tøys og tull. “Sett pengane på Tarekonto, så blir dei til gull”, seier ho.

Vi i Havlandet har mange hobbyar, og vi liker alle typar musikk og idrett. Vi har musikkorps og eit eige fotballag - Bølgen FK. Fotballdommaren vår er kveita Gyda. Vi har alt vi treng i Havlandet; skule, bank og sjokoladefabrikk. Banken er forresten den same som du bruker - Sparebanken Møre, avdeling Havlandet. Det er ein god bank som er opptatt av det vi driv med.

Hysj, no må vi snakke litt lågare. Under jorda i Havlandet - inne i mørke grotter og gangar - bur dei skumle Undulane. Eg blir nesten redd når eg snakkar om dei. Dei er late og kranglete, og dei har prøvd å bryte seg inn for å stele skattane våre fleire gongar. Heldigvis har dei aldri klart det. Kanskje det er vesle Unduline som har hjelpt oss i all hemmelegheit. Ho er nemleg ikkje slik som dei andre undulane. Ho er såååå søt og snill. Ho vil eg gjerne bli betre kjend med!

No er det kveld, og eg har lagt meg i den gode, varme senga mi på slottet. Eg må prøve å sove litt, men eg har så mange sommarfuglar i magen. I morgon skal nemleg prins Sølve og eg opp til jorda ein tur. Det gleder eg meg veldig til!

Hysj, eg synes eg høyrer bråk under jorda! Kan det vere Undulane som held på med noko skummelt?

Aktiviteter med Tare

Tare er opptatt av å holde seg i aktivitet. Det er godt for både kropp og hode. Her kan du laste ned forskjellige aktiviteter. 

ikon for fly i ulike blåtoner
Brette fly med Tare

Papirfly er gøy! Har du noen gang prøvd å springe om kapp med et papirfly - hvem vinner? Her kan du laste ned og brette ditt eget fly.

Ikon grønt med firkløver med spørsmålstegn og tekstsymbol
Brett spå med Tare

1 -2 -3 - 4- 5- 6- 7- 8- kan du telle så langt på engelsk? Hva skjuler seg bak lukene? Her kan du laste ned Tare sin spå.  Husk å printe på to sider.

Ikon for en blomst med stilk - ulike blåtoner
Nabolagsbingo

Ta med familien på tur ut i nærområdet og kryss av for det dere finner. Hvor mange ruter får dere krysset av? 

Kontakt oss
Åpningstid mandag til fredag kl. 08.00 til 20.00